Havbyen Bergen | Med kurs for framtiden | A10. Austrheim
1278
page-template-default,page,page-id-1278,ajax_updown_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode-theme-ver-14.4,qode-theme-bridge,wpb-js-composer js-comp-ver-5.4.7,vc_responsive
ARTIKKELANNONSE
Austrheim ligg ein dryg times biltur frå Bergen i eit naturskjønt område som er godt tilrettelagt for aktivt friluftsliv.

Ledige næringsområde i Austrheim – frå oljeservice til havbruk

Austrheim kommune ligg i Nordhordland, midt i det nye Vestland Fylke. Kommunen er vertskap for deler av Equinor sitt anlegg på Mongstad, og har elles eit variert næringsliv med alt frå serviceindustri opp mot olje og gass, til lokalitetar for oppdrett av laks.

Like ved Mongstad-anlegget eig kommunen eit ferdigregulert areal til industri og næring på 400 mål. Nabotomta på 600 mål vil vera ferdigregulert til industri og næring innan utgangen av 2021.

I den nyleg vedtekne kommuneplanen er eit større areal i Øksnesmarka, om lag 550 mål, sett av til næring. Dette arealet grensar til sjø, og det er mogleg med djupvasskai. Ekspertar hevdar at dette er eit næringsområde som er svært godt eigna til landbasert fiskeoppdrett.

I kommunen er det mange ferdigregulerte og byggjeklare bustadtomter.

Austrheim ligg ein dryg times biltur frå Bergen, sentralt plassert midt på kysten i Vestland fylke. Ved Vardetangen er det stoppestad for hurtigbåtane som går mellom Bergen, Sogn og Nordfjord. Vardetangen er Norges vestlegaste fastlandspunkt og her ligg også kommunen si dagsturhytte i eit naturskjønt området som er godt tilrettelagt for aktivt friluftsliv. Like ved kommunesenteret ligg Austrheim vidaregåande skule, som hovudsakleg har elevar frå Nordhordland, Gulen og Solund. Kommunen har i dag 2.900 innbyggarar, og me håpar sjølvsagt på at fleire vil bu og jobba i den flotte kommunen vår.

Når du ikkje er på jobb kan du utforska den flotte naturen her, og du vil raskt oppdaga kvifor øyene her var bustad for folk heilt tilbake til steinalderen. Med i alt 489 øyar, holmar og skjer er det mange flotte plassar, anten du brukar kajakk eller båt.